Foredrag for Statens vegvesen

Måndag 31. mai var DRIVERS invitert til å halde eit føredrag om teknologiutvikling og -trendar for Statens vegvesen sin Divisjon Utbygging, temagruppe for teknologi og utvikling. Bård Torvetjønn Haugland stilte med ein presentasjon der han trakk linjer mellom DRIVERS-prosjektet og fortidas visjonar av sjølvkøyrande køyretøy (og tilhøyrande infrastruktur) i eit forsøk på å seie noko om kva utvikling ein kan sjå føre seg i tida framover. Kva prosessar pågår og korleis prøvar ulike samfunnsaktørar å styre desse prosessane mot si føretrekte framtid, og korleis ser dei ulike framtidene ut? I etterkant av presentasjonen fekk me tid til ein fruktbar diskusjon kring kva fordelar og ulemper sjølvkøyrande køyretøy kan få, både i by og på landeveg, samt korleis ein kan sjå føre seg at ei eventuell implementering av sjølvkøyrande køyretøy vil avhenge av faktorar som til dømes tilgjengeleg (eller naudsynt) infrastruktur. Diskusjonar som denne, der akademiske og praksis-orienterte perspektiv får møtast, er alltid interessante og opplysande. Det var det også i dette høvet; spesielt interessant var det å høyre dei ulike synspunkta på automatisering og digitalisering som fins internt i ein fagetat som Statens vegvesen.

Skulle din organisasjon vere interessert i eit liknande føredrag, nøl ikkje med å kontakte oss.

Advertisement

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: