Ny publikasjon — Changing oil!

I artikkelen “Changing oil: self-driving vehicles and the Norwegian State” ser Bård Torvetjønn Haugland nærmare på Statens vegvesen sitt Borealis-prosjekt (for meir informasjon om Borealis, sjå Truckspotting: DRIVERS på feltarbeid i Nord-Norge) og korleis dette prosjektet heng saman med norsk industri- og innovasjonspolitikk meir generelt. Gjennom dei særeigne vêrtilhøva i Nord-Noreg kan Noreg posisjonere seg som ein sentral aktør i utviklinga av intelligente transportsystem og sjølvkøyrande køyretøy: om ein utviklar teknologi som toler det utfordrande vêret i nord kan ein vere sikker på at den same teknologien vil kunne brukast over alt i Europa (og kanskje verda elles?) utan å bli slått ut av kraftig nedbør og/eller låge temperaturar. Det som på overflata verkar vere eit ITS-prosjekt ispedd platooning kan altså vere kimen til ein ny norsk industri, ein kime som blir støtta opp under gjennom offentleg finansiering. Slik sett kan Borealis bli sett på som del av ein innovasjonsprosess der ein forsøker på å leggje til rette for grøn omstilling: ved å satse på ny og mykje omtala teknologi kan ein etablere ein ny norsk industri som gjer det mogleg å, over tid, omstille seg frå å vere ein ressurs-basert økonomi til å bli ein økonomi sentrert kring avansert transportteknologi.

Advertisement

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: